– Det er ingen statsløyndom at dei fleste av oss som er med i revymiljøet er godtoppi 40-50-åra. Det byrjar åbli ein høg snittalder, seier

Ole Bergesen. Det vil revyveteranen, som også er leiar i Fitjar Teaterlag, gjera noko med. I kveld inviterer han til oppstartsmøte for eit heilt nytt revyopplegg for Fitjar-ungdommen, skriver avisa Sunnhordaland.

Tilbod til ungdommen

– Me ynskjer nye krefter velkomne, og vil gje eit tilbod til ungdom mellom 13 og 20 år, der dei kan læra om det meste som har med å setja opp ein revy, seier Bergesen. Sjølv vil han ta seg av den meir generelle biten av det å setja opp ein revy, medan andre vil ta seg av slikt som har med sminke og koreografi å gjera, for å nemna noko.

– Me satsar på å bruka gode og profesjonelle krefter til å køyra kursa, og legg opp til ei helgebasert ordning, slik at ungdom som går på skule vekke også får høve til å vera med, seier Bergesen.

– Har sådd spirene

Dei to siste åra har det blitt sett opp lokalrevyar på Fitjar der yngre krefter har sloppe til, noko som ifølgje Bergesen berre har vore positivt.

– Me har hatt med oss firefem ungdommar på begge desse revyane, og har på ein måte alt sådd spirene til det me startar opp no. Desse har me fått med oss i laget, men me vil ha me enda fleire, seier Bergesen. Og revyfolket lèt set ikkje nødvendigvis stoppa av kommunegrensene.– Om nokon frå Vikjo vil vera med, er dei hjarteleg velkomne. Me har alt folk frå Stord med i teaterlaget, så det går veldig bra, seier Bergesen.

– Mykje moro

 Teaterlaget har alt fått støtte frå fleire eksterne velgjerarar, som gjer at dei no kan gå igang med dette prosjektet. I tillegg vil det ifølgje Bergesen koma ein liten eigendel.– Men det er ikkje store summen det er snakk om, forsikrar Bergesen som lovar mykje moro for dei som vil inn i revymiljøet. – Revy er kjekt, sosialt og inkluderande, og det er ingen grunn til å ikkje bli med. Me har eit mål om å oppretthalda lokalrevyane, og treng rekruttering i alle ledd. Det har vore supert med nye krefter dei to føregåande lokalrevyane, seier Bergesen.I samband med dei planlagde kursa er det eit mål å setja opp ein revy i løpet av våren.

Rosar tiltaket

Jan Otto Vik, som i fleire tiår har vore aktiv på revyscena, er svært positiv til dette prosjektet.– Dette er heilt fantastisk. Me har hatt med unge, lokale folk både som syngjande servitørar og som musikarar fleire år på Stord, og har gode røynsler med det, seier Vik.

– Er det berre positivt, eller har det også sine utfordringar?– Det er klart det er utfordringar med det. Uansett kva ein driv med er det meir krevjande å ha med ferske nye folk enn sånne som har vore med i 20 år. Men det er likevel veldig smart å gjera, seier Vik.– Har de vore inne på same tanken i revymiljøet på Stord?– Ja, me har snakka mykje om det, men har ikkje gjort noko konkret. Det er veldig bra at dei dreg dette i gang på Fitjar no, seier Vik som etter mange år har varsla at han vil satsa meir bak scena framover.– Det er klart at det er kjekt å vera på scena, men folk blir jo leie av dette trynet òg. Det må inn nye folk, seier Vik.